ForfatterOgne Øyehaug07.03.2019 6:00 Nett.no

ENKLARE: Merking av fiskekasser var ei tidkrevande manuell operasjon. Dette var ein av dei første jobbane som blei automatisert hos Vartdal Plast.

Snart skal robotar fylle lastebilane med fiskekasser hos Vartdal Plast. Når bilen kjem fram til lakseslakteriet står robotane klare der og.

Fabrikksjef Sindre Vartdal hos Vartdal Plast vil lagre fiskekasser heilt opp til taket. Det handlar om å utnytte lagerplassen i fabrikken på Vartdal maksimalt. Då må roboten inn, både for å kunne stable opp til taket, og stable ned igjen til passe lastebilhøgde. 

Vartdal Plast-konsernet har investert rundt 50 millionar kroner i automatisering og robotisering dei siste åra. Nett no er merksemda retta mot logistikken – flyttinga av fiskekasser, emballasje og byggisolasjon – i fabrikkane.

– Vi automatiserer og gjer ting meir ting meir effektivt når voluma veks og plass skal utnyttast, seier Vartdal.

Eitt av poenget med å gjere det på denne måten er å kunne automatisere utan at folk misser jobben. 

Automatisert lager
Vartdal Plast er storleverandør av fiskekasser frå hovudanlegget på Vartdal til Mowi (tidlegare Marine Harvest) sitt lakseslakteri i Herøy. 

Der er eit nytt lagerbygg under fullføring. Når det står ferdig skal lastebilane frå Vartdal parkere ved anlegget og fiskekassene lossast automatisk inn på lageret og sendast inn på slakteriet utan av nokon treng å løfte på dei.

– Vi automatiserer og gjer ting meir effektivt når voluma veks og plass skal utnyttast, seier fabrikksjef Sindre Vartdal i Vartdal Plast.

Har gjort det før
Vartdal Plast har allereie automatisert pakkinga i fabrikken sin på Hjelmeland i Ryfylke, og ser på fabrikkane på Ualand, Biri og Bodø. 

Vartdal Plast har hovudkontor og fabrikk på Vartdal i Ørsta kommune. Selskapet har og fabrikk på Ualand og Hjelmeland i Rogaland, i Biri i Oppland og transportselskap og logistikksenter i Sykkylven. Det siste tilskotet til konsernet kom i fjor, med kjøpet av 91 prosent av Bodø-firmet Løvold Industri.

Les også: Vartdal Plast kjøper Bodø-firma

I tillegg har selskapet eigarinteresser i Nesseplast AS i Sogn og Fjordane, med produksjon på Nessane i Sogn og Fjordane  og på Bømlo i Hordaland, og i Atlantic Styro på Lovund i Nordland.

I 2017 hadde Vartdal Plast-konsernet 740 millionar kroner i driftsinntekter og har cirka 200 tilsette.